For den som lurte: BrettVett eksisterer framleis! Sjølv om sist spelrapport er frå spelekvelden 08. februar, har vi ikkje gått i dvale. Vi har berre ikkje lagt ut rapport. Det er sjølvsagt ein haug med gode grunnar til det, ein av dei er at bloggansvarleg blei far til sitt andre barn i mars, og har prioritert litt annleis i det siste. Men bilete finst, og rapport kjem.
I mellomtida kan vi glede dykk med to kulturelle innslag: Eit aldri så lite utdrag av Ivar Aasen sitt dikt "Sumar i Norig", og ei stripe frå teikneserien Full Frontal Nerdity av Aaron Williams. Artig førr ungan! :-)
No er her vænt i Norigs dalar,
so vænt som i ein fager draum,
fraa skog og fjell det syng og talar,
alt andar i ein livsens straum, -
der finst 'kje yver all den jord
ein sumar slik som her i nord!
Vi kjem sterkare att!
BrettVett
Hei, og velkomen til BrettVett! Vi er ein uformell brettspelklubb med tilholdstad i Ulsteinvik. Målet er å møtast ein gong i månaden for å spele spel. På denne sida vil vi prøve å legge ut korte smakebitar frå kveldane våre: Kven vann, kven tapte, kven sølte kaffi på spelebrettet, kven vart sur fordi dei var uheldig med taktikken (eller terningkasta), kva spel spelte vi og kva synest vi om spelet. Sånne små strøtankar. Legg gjerne igjen ein kommentar!
torsdag 24. juni 2010
mandag 8. februar 2010
BrettVett 17 - Vil aksje i raud jernbane alltid vinne Chicago Express?
Tid: Måndag 01. februar 2010 kl. 19.30.
Stad: Felleslokala til Spor Forlag, Ulstein IT senter og IRIS Design, Ulsteinvik, Sunnmøre.
Kven: Berge, Tommy, Harald, Knut Einar, Erling og Bjørn.
Kva: Chicago Express. Eit over snittet bra togspel.
Kvifor: Fordi ikkje alle hadde spelt det før. Fordi dei som hadde spelt det før likar det godt. Fordi dei som tapte sist ville prøve å gjere det betre no, og fordi vi har lyst å lære taktikken i spelet betre.
Korleis gjekk det: Spørs kven du spør. Når er det lurt å byggje på ei togbane, og når er det lurt å leggje ut aksjer for sal? Når er det lurt å leggje ut for sal ei aksje i eit selskap der du sjølv har aksjer, og når er det lurt å leggje ut aksjer i andre sine selskap? Vil vinnaren alltid vere ein av dei som har aksje i den raude jernbanen? Kva taktikk skal ein nytte når ein ikkje har aksje i raud bane? Overvurderer eg viktigheita av raud bane fordi eg dei to siste spela ikkje har hatt aksje i raud bane, og berre er litt bitter? Eller er det berre eg som ikkje klarer å knekke koden? Alt dette og meir til kverna rundt i hovudet til underteikna etterpå. Med andre ord: Eg tapte.
Eg vil gjerne høyre kva tankar andre har om dette, så legg gjerne att ei melding i kommentarfeltet.
Poengsum:
Harald: 92 $
Berge: 74 $
Knut Einar: 72 $
Tommy: 62 $
Erling: 61 $
Bjørn: 38 $
Klar siger og klart tap, men interessant at det er så tett mellom 2. og 3. plass, og mellom 4. og 5. plass. Forresten: All dei tre beste hadde kvar si aksje i raud jernbane...
Dagens sitat: Tommy: Det har til og med EG fått med meg! (Etter eit klassisk "Det var det ingen som sa noko om!" frå Erling.)
Meny: Popcorn, cola, sjokolade, saltsild, Erling si mor sine vafler, hurlumheimix, kaffi frå kaffiautomaten. Ingenting sølt på brettet. Vi er faktisk ganske gode til å unngå det.

mandag 4. januar 2010
BrettVett 16 - Den forsvunne spelekveld!
Grunna sjukdomsfråfall vart BrettVett 16 utsatt nokre dagar, og flytta heim til Åge i Bakkegata. Underteikna hadde ikkje høve til å delta. Eg har heller ikkje fått noko melding om kven som deltok og kva spel som var på bordet. Difor blir det neppe noko meir å melde frå BrettVett 16.
Abonner på:
Innlegg (Atom)