fredag 12. desember 2008

BrettVett 4: War - what is it good for?

Datoen var måndag 1. desember det herrens år 2008, julemånaden har akkurat sagt hallo, første søndag i advent var så vidt overstått med vellukka tenning av juletrelys i grana framfor rådhuset, og førebuingane til julehøgtida har starta i dei tusen heimar. Kva er vel då meir naturleg enn å put on your warface og møte opp i full GRU til brettspelkveld med temaet KRIG? Ingenting.
Og det var nettopp det nokre utvalde staute karar gjorde. Ikkje ingenting altså, men møtte opp til BrettVett 4, med tema krig.

Jonny, Knut Einar, Harald, Runar, Erling og Bjørn, seks mann alle. Planen var å starte med ein kjapp runde Wings of war, for så å dele oss opp i to grupper og spele RISK 2210 A.D., Memoir '44 eller Axis & Allies D-Day. Men som så ofte i kampens hete gjekk det slett ikkje etter planen, og Wings of War gjekk ikkje så kjapt som vi trudde på førehand. Når vi var ferdige med ein runde Wings of War tok fornuften oss, og i staden for å gå laus på meir komplekse og tidkrevjande spel, som truleg ville vare litt for lenge utover natta, tok vi ein runde til med Wings of War.


Wings of war er eit kortbasert spel, der kvar enkelt spelar har eit kort som er sitt "fly". Settinga er første verdskrig, og flykorta ser ut deretter.

Til kvart fly høyrer det til ei bunke kort med piler på. Desse korta legg spelaren framfor flyet sitt for å vise kva retning han skal fly. Korta til kvart enkelt fly er tilpassa dei eigenskapane det flyet hadde, altså kan det hende eitt fly kan svinge krappare enn andre, og at eit anna fly kan fly fortare. Det siste høyrest kanskje litt rart ut, men dess lenger pil på kortet, dess lenger fram kjem flyet seg, altså raskare eller saktare enn andre fly.


Det følgjer også med ein linjal som ein bruker til å avgjere om eit fly er nært nok eit anna fly til å skyte. Alle fly har ei grense for kor mange treff dei kan ta før dei er nedskotne. Kor mange treff flyet ditt har veit imidlertid berre du, så det er ikkje alltid like lett å vite kor skada fienden sitt fly er.

Til første runde delte vi oss i to lag. Jonny, Knut Einar og Harald med britiske fly vs. Runar, Erling og Bjørn med tyske/austerrikske fly. Vinnarkriteriet var enkelt: Det laget som først skaut ned alle motstandarlaget sine fly, vann. Alle gjekk høgt ut (det handlar jo om fly...), og Bjørn kanskje høgast ut av alle. Han var i alle fall den første som måtte fortelje vener og fiendar at flyet hans hadde fått så mange treff at han var nedskoten. Litt merkeleg, sidan han flaug eit fly som minna sterkt om "Den raude baron". Runar rauk ut som nummer to, og dermed var Erling åleine att for Tyskland. Det gjekk så hardt inn på han at han måtte ta permisjon på verandaen og ta seg ein sigarillo, og dermed vart Bjørn kalla inn som andrepilot. Harald rauk ut først frå England-laget, dermed vart oddsa noko betre for Tyskland. Det enda likevel med siger for England, då Erling sitt fly fekk fleire fatale treff i kamp mot to motstandarfly.

Runde to vart med same lag (for å få revansj, så klart). Vi bytte ut eitt fly på kvart lag, og la inn eit nytt element: To antiluftskyts, eitt for kvart lag. Om ein uskadeleggjorde fienden sitt antiluftskyts fekk ein poeng for det. Samtidig var det om å gjere å fly inn mot det fiendtlege antiluftskytset frå rett vinkel, for om ein kom innanfor radiusen til det fiendtlege antiluftskytset vart ein automatisk skoten på.


Denne gongen rauk Runar ut først, etter ein serie alvorlege treff som følgje av fleire taktisk uheldige flymanøvrar på rad. Eg trur vi må seie det så sterkt, Runar :-)

På det tidspunktet såg nok England for seg luftkampsiger nummer to på rad. Tyskland kom imidlertid sterkt tilbake, og skaut ned Harald først og Jonny etterpå. Dermed var oddså brått snudd i tysk favør. Knut Einar følte seg nok litt åleine, og kort etterpå rauk han og Bjørn ut i same runde. Dermed tok Tyskland ein ærerik siger, då Erling framleis svevde rundt med mykje luft under vingane...

Etter dette vart alle dimittert inntil vidare, med mobiliseringsordre til første måndag i januar.
Tre av i ufarlig retning.

fredag 7. november 2008

BrettVett 3 - Gamla kära tuffa tuff-tuff toget...

Så var det endeleg duka for BrettVett 3, altså tredje brettspelkveld i den uformelle brettspelklubben BrettVett! Vi har enno ikkje funne ein fast stad for spelekveldane våre, så denne gongen brukte vi møterommet på kyrkjekontoret i Ulsteinvik, Bjørn sin arbeidsstad. Dei to første spelekveldane kom det 5 personar. Vi var litt spent på kor mange som ville komme denne kvelden, sidan vi hadde meir enn antyda at Railroad Tycoon vart kveldens hovudrett, eit spel ikkje så mange hadde prøvd før. Vi har tydelegvis undervurdert behovet for ein brettspelklubb, for plutseleg var vi 10 karar som var meir enn villig til å investere nokre timar i brett, kort, plastbrikker og terningar. Heilt supert! Kanskje vi aspirerer til tittelen ”fastest growing gamers club ever”…?

Dette førte naturleg nok til at vi måtte dele oss i to grupper. Den eine gjengen (Knut Einar, Erling, Berge, Harald og Arild O.) nytta møterommet til å spele Railroad Tycoon, dei måtte vere der for å få plass til det gigantiske brettet. Den andre gjengen (Georg, Christfried, Arild S, Jonny og Bjørn) raska saman bord og stolar og satt i gangen/resepsjonen. Og her deler denne bloggen seg i to: Eg skriv om den sistnemnde gruppa, og Harald skal glede oss med ein oppsummering av kven som vart den argaste jernvegbyggjaren vest for…ja, vest for austkysten, strengt tatt. Rikt illustrert, så klart.




Nå var kvelden endelig kommet for å legge det østlige USA i skinner. Dette var første gangen for alle unntatt meg. Bjørn og jeg hadde hatt en kjapp gjennomkjøring uka før for å forberede oss litt. Bjørn ble ikke med denne kvelden da vi var så mange at vi delte oss opp i to grupper. De som ble med på ”Railroad Tycoon” var: Knut Einar, Erling, Berge, Harald (meg) og Arild O. Etter en kjapp innføring i spillmekanikken satte vi i gang.


På forhånd ble det bestemt at alle ”Railroad Operation” - kort med grønt symbol skulle legges åpent fram for alle spillerne. Dvs. ”Main Lines” og ”førstemann…” - kortene. Da ville alle bonusene være tilgjengelig fra begynnelsen av.


Erling vant første auksjon og begynte i nord-øst der det er tettest mellom byene og flest kuber. Berge bestemte seg for ikke å la han bygge alene der oppe og fulgte etter. Harald prøvde en annen strategi – nemlig å dra lenger sør, ved Charleston. Der var det mange kuber med samme farger, så dette ville være et godt utgangspunkt. Arild O. valgte en tredje strategi, han startet på andre siden av fjellene mot Chicago. Det samme valgte Knut Einar å gjøre.


Erling fant ut at han ville satse på bonuskortene, da dette ville gi ham masse poeng og inntekt. Berge begynte å bygge over til Toronto for å få flere jernbanestrekninger å frakte varene over. Harald gikk mot Atlanta, Arild O. mot Detroit mens Knut Einar så ut til å ville satse på ”Western Link”. Erling satset nok for mye på bonuskortene fordi det ble flere små strekninger og ikke én lang sammenhengende jernbane med mange strekninger. Mot slutten hadde han heller ikke oppgradert til mer enn et 3’er tog. De andre derimot kaptes om å oppgradere lokomotivene sine.

Et viktig spørsmål kom opp et stykke ut i spillet: Er det lov å bygge et kryss slik at motspillerens ufullstendige jernbane blir forlenget? Her er det snakk om en jernbane som ikke er fullført, men mangler ett spor på å forbindes til en annen by (Kansas City). Erling hadde lagt 4 brikker men trengte 5 for å fullføre. Berge begynte i Kansas, med det resultat at Erling sin jernbane plutselig tok en sving. Nå måtte han legge 5 nye brikker for å klare å fullføre. Enden på visa ble at jernbanen etter 3.runde ble tatt av brettet. Skikkelig DIRTY TRICK, Berge!

Vi kom til at dette var en lovlig handling siden alle kriterier for brikkeleggingen var til stede.

Som vi kan se på bildene har det forekommet en viss forskyvning av kontinentalsokkelen. Må sikkert tilsvare 6,7 på Richters skala. Det ser ikke bra ut for det lilla toget til venstre ...


Harald hadde stødig inntekt på 4’er-toget, men så at ved å forbinde jernbanen sin opp til Richmond kunne han frakte nesten alle kubene som lå langsmed østkysten ned til Savannah og Atlanta. I tillegg hadde han hotell i Atlanta. Berge ventet kanskje litt for lenge med å oppgradere loket sitt, dette var nok pga. at det var vanskelig å flytte kubene mer enn 3 strekninger. Da måtte han i så fall opp i et 6’er-tog, og det ville ta tid og penger. Knut Einar derimot hadde fått lang rute og ”Western Link”, med etter hvert god inntekt. Arild O. begynte også etter hvert å få opp dampen. Dette kom til å bli jevnt.



Til slutt var det Harald som vant foran Berge, Knut Einar, Arild O. og Erling på sisteplass. Alt i alt et spennende og interessant spill, særlig for de som kniver i teten. Erling syns at det ble litt for mye ”monopol” pga. alt med aksjene og pengene og aksjeutbyttet.



Til neste gang har vi vel lært at det ikke er lurt å gå blindt etter bonuser. Det er en solid jernbane en tjener mest på i løpet av et langt spill. Hotellene er også viktige hvis de passer inn i jernbane-strekningen din. Harald fikk ganske mange ekstra poeng ved å levere kubene til
Atlanta der han også hadde hotell.
RESULTAT:
Harald (grønn) 67 poeng
Berge (rød) 62 poeng
Knut Einar (svart) 53 poeng
Arild O. (lilla) 49 poeng
Erling (blå) 48 poeng


Vi har uthevet spillerfargene på kartet til høyre.




Sjølv om vår gruppe ikkje spelte Railroad Tycoon, vart det litt togtema likevel: Vi opna med ein runde Ticket To Ride (TTR). Alle unntatt Arild hadde vore borti spelet før. Dei fleste berre TTR Europe, Christfried berre TTR card game. Det gjekk greitt å forklare og starte opp. Jonny var hissigast på grauten, og bygde seg raskt ein aust/vest-linje til glede for seg sjølv og frustrasjon for enkelte andre, og vart vel sett på som ein slags favoritt till å vinne. Georg ville det annleis, og fekk i stor grad styre på for seg sjølv i sørenden av kartet. I siste runde vurderte Christfried å trekke fleire billettar/oppdrag, men vart sterkt fråråda av Bjørn og Jonny sidan det var siste runde. Det angra han sterkt på etter poengopptellinga, då det viste seg at han allereie hadde fullført to av dei tre øverste rutene. Med det hadde han gått forbi både Bjørn og Jonny, og havna på 2. plass istaden for 4. plass… Arild bør få lov til å sjå på dette som ei opplæringsrunde, medan Georg hadde ei imponerande samling ferdige togruter. Dermed vart resultatet slik: Georg 157 poeng, Jonny 120 p, Bjørn 108 p, Chrstfried 107 p, Arild 77 p.

Etter dette måtte Christfried gå, og vi fire som sat att prøvde Bjørn sin nyanskaffing, Cash’n Guns, eller Ca$h’n Gun$ som det står på eska. Kan diskuterast om dette strengt tatt er eit brettspel, men gøy er det! Eit pluss med spelet er at det er kjapt å lære seg. Les første sida i regelheftet høgt samtidig som ein gjer det som står der, så har ein lært seg basisspelet på nokre få minutt! Det er fleire element i spelet ein kan bruke etterkvart, t.d. undercover cop, men det får vi heller prøve neste gong. Spelet gå kort ut på at spelarane er ranarar som skal dele eit bytte. Det gjerast i 8 omgongar. Kvar av spelarane skal peike en skumgummipistol på ein av dei andre, og slik truge dei til å trekkje seg eller ”skyte” dei slik at dei ikkje får vere med å dele potten. Vinnar er den som til slutt har mest ca$h og framleis er i live. Kjapt og underhaldande, med eit artig tema på spelet. I første spel vart Jonny ”teken av dage” i 4. runde, i det han vart ”skutt” for tredje gong.
Resultat:
1: Bjørn 165.000 $.
2: Arild 105.000 $ og
3: Georg 90.000$.
DNF: Jonny.


Dette måtte vi prøve ein gong til! Teste ut taktikk, vurdere om ein skal ”skyte” med skarpt eller lauskrutt og vifte med skumgummipistolar. Som sagt, så gjort, og det vart enda blodigare denne gongen, då både Georg (i 6. runde) og Jonny (i 7. runde) vart ekspedert av griskare og meir nådelause skurkar.
1: Bjørn 185.000 $.
2: Arild 150.000 $.
DNF: Georg og Jonny.





Arild gjorde retrett, og sidan Ca$h’n Gun$ er for 4-6 spelarar, og Railroad Tycoon-gjengen ikkje var ferdig med å transportere verdifulle trekubar frå by til by i USA, avslutta vi med kortspelet Guillotine. Kun Bjørn hadde spelt det før, og utnytta den fordelen til å vinne. Georg og Jonny fekk nesten lik poengsum;
Georg 24 p, Jonny 26 p, Bjørn 34 p.







Sidan vi ser ut til å bli mange på spelekveldane framover må vi finne eit lokale som held ”internasjonale mål”. Eg oppmoder folket til å kome med forslag til lokale. Legg gjerne inn andre kommentarar også. Det kan hende skribentane har vore for snill i omtalen av seg sjølv...?.

fredag 3. oktober 2008

BrettVett 2 - ein fartsfylt kveld!

Måndag 30. september var det klart for andre kveld i brettspelklubben BrettVett. Prinsippet er at vi møtast første måndag i månaden, men sidan det blir i haustferien, framskunda vi det ei veke. Denne gongen møttest vi heime hos Runar.



Vi har ikkje etablert noko system for å avgjere kva spel vi skal spele kvar gong, så det kan bli litt tilfeldig kva spel som kjem på bordet. Den som vil, tar med eitt eller fleire spel. Denne måndagen hadde både Erling, Knut-Einar, Harald og Bjørn med seg spel. Når Knut-Einar peika på eit av spela i posen til Bjørn og spurte: ”Kva er det?” var ikkje Bjørn sein med å få opna boksa, tatt fram brettet, og presentert Formula Dé. Ikkje akkurat det nyaste spelet, men alt er jo nytt når ein ikkje har høyrt om det før ;-)


Karane var klar for å prøve noko nytt, og dermed var vi i gang med å forklare reglane. Formula Dé er eit spel som simulerer Formel 1-løp. Brettet i basisspelet viser to baner, ei på kvar side av brettet. Desse er kopiar av formel 1-banene Monaco og Zandvoort (sistnemnde i Nederland). Sidan dei fleste ikkje hadde spelt Formula Dé før, spelte vi med ”basic rules”. For den som har spelt det nokre gonger vil det vere naturleg å bruke ”advanced rules”. Før ein startar må ein bestemme seg for om ein vil køyre 1, 2 eller 3 rundar.


Første spel var eit 1-rundesløp på Monaco-bana. Det enda slik:
1.plass: Erling.
2.plass: Runar.
3.plass: Harald.
4.plass: Bjørn.
5.plass: Knut–Einar satsa alt på å klatre opp ei plassering eller to. Det enda med at han brukte sitt siste ”tire point”, bilen snurra på oppløpet ut frå siste sving, og han mista fjerdeplassen til Bjørn.

Karane kan ikkje ha mislikt spelet alt for sterkt. Etter ein runde i Monaco foreslo Runar å spele ein gong til for å lære det skikkeleg. Neste løp vart dermed eit torundesløp på Zandvoort-bana. Lengre strekker og mindre svingar enn i Monaco gjorde at terningane for 5. og 6. gir vart meir brukt. Det var jamt og tett etter første runde, sjølv om det røyna på dekkpoenga (tire points) for enkelte. Runar gjorde eit svært vellukka pitstop, og kom ut frå pit i nesten same farta som han hadde inn. Dermed hadde han fått nye dekkpoeng, og var klar for å angripe. Harald derimot var ikkje så heldig med sin pitstop, og klarte aldri å ta seg inn etter det (og fekk med det stadfesta at han framleis ikkje er heldig med terninganeJ).
Zandvoortløpet vart til slutt eit oppgjer mellom dei som kom sist i Monaco, Knut-Einar og Bjørn. Sistnemnte gjekk sigrande ut. Erling på tredjeplass, Runar på fjerde og Harald på femteplass etter den uheldige pitstopen.


Ingen sølte noko som helst på brettet, trass i både kaffi, brus, smågodt, sjokolade og potetgull på bordet. Alle var einige om at det hadde vore ein fin kveld, og som Knut-Einar sa om spelet: ”Eg gir det ein sterk firar!”


torsdag 2. oktober 2008

BrettVett 1 - Første spelekveld i BrettVett!

01. september 2008 var det duka for første kveld i brettspelklubben BrettVett! Vi møttast på Harald sin arbeidsplass, Spor Forlag. Veleigna lokale for brettspel (Glimrande kaffimaskin borti hjørnet!). Denne kvelden spelte vi Stormenes tid. Sidan vi var 5 spelarar, fekk Harald endeleg brukt utvidinga også :-)


Ikkje alle hadde spelt Stormenes tid før, det varierte frå dei som hadde spelt 4-5 gonger til dei som aldri hadde prøvd det.

Kven vann og kven tapte? Husker ikkje heilt, det er trass alt ein heil månad siden. Men eg vann i alle fall ikkje, det ville eg huska :-)

Kva synest vi om spelet?
Nydeleg brett, flotte kort og brikker. Best av alt er at tilfeldigheitene er små, ingen terningkast å ha flaks/uflaks med. Eit spel som gjerne kjem på bordet igjen.


Frå venstre: Harald, Berge, Erling og Grunde.
Runar kom innom seinare, men innsåg at løpet var kjørt for kvelden og for heim att. Bjørn tek biletet med mobilen sin, og bed om orsaking for at bildekvaliteten er så som så. Skal prøve å huske kamera i framtida, ikkje berre mobil.