fredag 3. oktober 2008

BrettVett 2 - ein fartsfylt kveld!

Måndag 30. september var det klart for andre kveld i brettspelklubben BrettVett. Prinsippet er at vi møtast første måndag i månaden, men sidan det blir i haustferien, framskunda vi det ei veke. Denne gongen møttest vi heime hos Runar.



Vi har ikkje etablert noko system for å avgjere kva spel vi skal spele kvar gong, så det kan bli litt tilfeldig kva spel som kjem på bordet. Den som vil, tar med eitt eller fleire spel. Denne måndagen hadde både Erling, Knut-Einar, Harald og Bjørn med seg spel. Når Knut-Einar peika på eit av spela i posen til Bjørn og spurte: ”Kva er det?” var ikkje Bjørn sein med å få opna boksa, tatt fram brettet, og presentert Formula Dé. Ikkje akkurat det nyaste spelet, men alt er jo nytt når ein ikkje har høyrt om det før ;-)


Karane var klar for å prøve noko nytt, og dermed var vi i gang med å forklare reglane. Formula Dé er eit spel som simulerer Formel 1-løp. Brettet i basisspelet viser to baner, ei på kvar side av brettet. Desse er kopiar av formel 1-banene Monaco og Zandvoort (sistnemnde i Nederland). Sidan dei fleste ikkje hadde spelt Formula Dé før, spelte vi med ”basic rules”. For den som har spelt det nokre gonger vil det vere naturleg å bruke ”advanced rules”. Før ein startar må ein bestemme seg for om ein vil køyre 1, 2 eller 3 rundar.


Første spel var eit 1-rundesløp på Monaco-bana. Det enda slik:
1.plass: Erling.
2.plass: Runar.
3.plass: Harald.
4.plass: Bjørn.
5.plass: Knut–Einar satsa alt på å klatre opp ei plassering eller to. Det enda med at han brukte sitt siste ”tire point”, bilen snurra på oppløpet ut frå siste sving, og han mista fjerdeplassen til Bjørn.

Karane kan ikkje ha mislikt spelet alt for sterkt. Etter ein runde i Monaco foreslo Runar å spele ein gong til for å lære det skikkeleg. Neste løp vart dermed eit torundesløp på Zandvoort-bana. Lengre strekker og mindre svingar enn i Monaco gjorde at terningane for 5. og 6. gir vart meir brukt. Det var jamt og tett etter første runde, sjølv om det røyna på dekkpoenga (tire points) for enkelte. Runar gjorde eit svært vellukka pitstop, og kom ut frå pit i nesten same farta som han hadde inn. Dermed hadde han fått nye dekkpoeng, og var klar for å angripe. Harald derimot var ikkje så heldig med sin pitstop, og klarte aldri å ta seg inn etter det (og fekk med det stadfesta at han framleis ikkje er heldig med terninganeJ).
Zandvoortløpet vart til slutt eit oppgjer mellom dei som kom sist i Monaco, Knut-Einar og Bjørn. Sistnemnte gjekk sigrande ut. Erling på tredjeplass, Runar på fjerde og Harald på femteplass etter den uheldige pitstopen.


Ingen sølte noko som helst på brettet, trass i både kaffi, brus, smågodt, sjokolade og potetgull på bordet. Alle var einige om at det hadde vore ein fin kveld, og som Knut-Einar sa om spelet: ”Eg gir det ein sterk firar!”


torsdag 2. oktober 2008

BrettVett 1 - Første spelekveld i BrettVett!

01. september 2008 var det duka for første kveld i brettspelklubben BrettVett! Vi møttast på Harald sin arbeidsplass, Spor Forlag. Veleigna lokale for brettspel (Glimrande kaffimaskin borti hjørnet!). Denne kvelden spelte vi Stormenes tid. Sidan vi var 5 spelarar, fekk Harald endeleg brukt utvidinga også :-)


Ikkje alle hadde spelt Stormenes tid før, det varierte frå dei som hadde spelt 4-5 gonger til dei som aldri hadde prøvd det.

Kven vann og kven tapte? Husker ikkje heilt, det er trass alt ein heil månad siden. Men eg vann i alle fall ikkje, det ville eg huska :-)

Kva synest vi om spelet?
Nydeleg brett, flotte kort og brikker. Best av alt er at tilfeldigheitene er små, ingen terningkast å ha flaks/uflaks med. Eit spel som gjerne kjem på bordet igjen.


Frå venstre: Harald, Berge, Erling og Grunde.
Runar kom innom seinare, men innsåg at løpet var kjørt for kvelden og for heim att. Bjørn tek biletet med mobilen sin, og bed om orsaking for at bildekvaliteten er så som så. Skal prøve å huske kamera i framtida, ikkje berre mobil.