torsdag 24. juni 2010

Sumar i Norig.

For den som lurte: BrettVett eksisterer framleis! Sjølv om sist spelrapport er frå spelekvelden 08. februar, har vi ikkje gått i dvale. Vi har berre ikkje lagt ut rapport. Det er sjølvsagt ein haug med gode grunnar til det, ein av dei er at bloggansvarleg blei far til sitt andre barn i mars, og har prioritert litt annleis i det siste. Men bilete finst, og rapport kjem.

I mellomtida kan vi glede dykk med to kulturelle innslag: Eit aldri så lite utdrag av Ivar Aasen sitt dikt "Sumar i Norig", og ei stripe frå teikneserien Full Frontal Nerdity av Aaron Williams. Artig førr ungan! :-)

No er her vænt i Norigs dalar,
so vænt som i ein fager draum,
fraa skog og fjell det syng og talar,
alt andar i ein livsens straum, -
der finst 'kje yver all den jord
ein sumar slik som her i nord!



Vi kjem sterkare att!