tirsdag 11. august 2009

BrettVett 11 - Something old, something new...

For andre BrettVett på rad veik vi bort frå regelenom å møtast første måndag i månaden. Første samling etter ferien fann difor stad 10. august, nok ein gong i lokala til Spor Forlag.
Vi henta fram ein gammal kjenning, eller something old om du vil, nærare bestemt Red November. Dette spelte vi også på BrettVett 6, då med 7 spelarar. No var vi seks gnomar som skulle bruke store delar av kvelden på å berge ubåten Red November frå undergangen. Eg har ikkje tenkt å forklare mykje kva spelet går ut på, det kan du lese i bloggposten frå BrettVett 6. Heilt kjapt kan eg seie at det er eit samarbeidsspel. Vi taper eller vinn som gruppe, mot spelet. Spelarane brukar tidspoeng for å utføre handlingar. Du flyttar så ein brikke i din farge langs ein tidsmarkør, jo meir tidspoeng du har brukt dess lenger flyttar du brikken. Og jo lenger den flyttar, dess meir nye hendingar som må ordnast opp i. Ganske heseblesande...

Godt i gang.

Vi har berre spelt Red November ein gong tidlegare på BrettVett, og sidan dette er eit spel som ikkje akkurat får Nobelprisen for god og presis regelforklaring, så vart nok ikkje spelet heilt etter boka. I alle fall ikkje i starten. Det førte til at det breidde seg ei stemning av avslappa kontroll. Etter kvart oppdaga vi nokre feil vi hadde gjort: Vi utførte ikkje faintcheck etter å ha brukt grog. Vi huska ikkje at kvar spelar berre kan gjere ein action pr. tur. Vi var ikkje nøye med rekkefølgja på movement og action. Når vi oppdaga dette, og innførte det, vart det brått vanskelegare...

One down, several to go...

Vi var også usikre på eit par punkt: Når det oppstår brann i eit tilstøytande rom som ein eksisterande brann, og den aktive spelaren skal velje kva rom den nye brannen oppstår i, kan han då velje eit rom med oversvømming i, slik at det IKKJE oppstår ein ny brann? Nye destruction events skal plasserast ti minutt fram. Frå kva? Frå den raude stjerna der kortet vart trekt, eller ti minutt fram frå der ghost markeren til den aktive spelaren står? Om nokon har innspel på dette blir vi glad om du legg inn ein kommentar.

Two down...

Vi vann ikkje. Vi var veldig nær, men vi vann ikkje. Lars Erling sin gnom drakk seg helselaus på grog, og låg avsvimt i eit rom det vart oversvømming i. Harald sin gnom hamna og i trøbbel, og dermed var vi fire spelarar att. Erling skulle som siste spelar berre gå inn til "mål", markøren for 0 minutt att. Dei andre tre var allereie i sikkerheit, men Erling skulle trekke tre hendingskort på veg inn. På det andre kortet sto det:"Advance pressure track by one", og det eine steget var nok til at trykkmarkøren kom på max og vi tapte. Akk, så nær.

Etter det bitre nederlaget måtte vi ha noko å muntre oss opp med. Tre dagar tidlegare hadde vi fått tilsendt tre spel frå Vennerød forlag, for å teste og melde dei. Something new, der altså. Vi hadde ikkje tid til å teste alle tre denne kvelden, så vi valde Zak Pak! som det heiter i den nordiske trespråklege utgåva (regelhefte på norsk, svensk og finsk). Spelet har liknande trekk som Ubongo, for den som kjenner til det. I Zak Pak! skal kvar spelar kaste terningar som avgjer kor mange trebrikker av forskjellig lengd spelaren skal trekke. Desse brikkene skal ein plassere best mogleg på eit lite brett som har form av ein lastebil. Best mogleg vil seie å utnytte rommet på lasteplanet best mogleg. Trebrikkene kan lastast i ein, to, tre eller fire høgder, alt etter kva kapasitet lastebilkortet du trekk har. Lastebilkortet får du på følgjande vis: Alle trekk to lastebilkort og legg dei opp/ned framfor seg. Alle snur dei samtidig, og vel eitt lastebilkort. Du har ikkje lov å velje eitt av dei to som ligg framfor deg. Her er det ein vri: Den siste til å trekke lastebilkort må ta det som ligg opp/ned øvst i bunken, og får dermed mykje mindre kontroll på kva lastebilkort han får. Dette fører til at ein stresser ganske mykje med å velje kort frå bordet, og det opnar igjen for armtacklingar, obstruksjon og andre underhaldande metoder som i ein kvar lagidrett ville gitt gult kort. Men kven sa at brettspel er for pyser??? Ein startar spelet med 75 poeng. Du mister poeng for kvar brikke du ikkje får plass til på lastebiln, og du mister poeng for ledig tomrom på bilen. Spelet er slutt så fort ein spelar går tom for poeng. Spelaren som har mest poeng att vinn.

Første runde:
Erling 65 poeng
Arild 51 poeng
Harald 45 poeng
Bjørn 0 poeng

Andre runde:
Arild 48 poeng
Erling 46 poeng
Bjørn 32 poeng
Harald 0 poeng

Vi kjem tilbake med meir om Zak Pak! etterkvart som vi får testa det meir. Når vi spelte det vart eg så ivrig opptatt at eg glømte å ta bilde av det. Trur nokon andre tok mobilbilde, og det skal eg sjølvsaagt legge ut her om eg får slått kloa i det.

Høyrt undervegs i Red November:
Ukjend: "Det dummaste vi gjorde var å begynne å følgje
reglane!"
Berge: "Eg er redd du tar sjølmord på heile gjengen."

Harald etter å ha blitt konfrontert med å ha flytta Bjørn sin brikke i staden for sin egen: "Vi har visst gjort ein feil." Erling: "Vi?" Harald: "Ja, er det ikkje eit samarbeidsspel?"

onsdag 17. juni 2009

BrettVett 10 - Jubileum og sommaravslutning.

Måndag 8. juni hadde vi eit aldri så lite jubileum i BrettVett. Det var nemlig tiande brettspel-kvelden sidan BrettVett starta opp hausten 2008.

Jubileumet var lite på ein annan måte også, fordi berre 4 spelarar møtte opp for å markere dagen. No var det ikkje akkurat drive tung marknadsføring for jubileumet, faktisk ingen i det heile. Ikkje anna enn at det hadde gått ut melding til alt folket om at vi prøvde ein BrettVett-kveld i juni, sjølv om det var sommar og fint ver. Dei fire som trassa sol og varme for å sitte inne og spele spel var Tommy, Harald, Erling og Bjørn.

Denne kvelden skulle vi teste Erling sin nyinvestering, Power Grid. Vi bestemte oss for å spele BeNeLux-brettet. I skrivande stund er det ikkje så greit å huske detaljane rundt gangen i spelet, det er trass alt to månader sidan. Heldigvis har eg ein Post-It-lapp med resultata på, så resultata skal i alle fall bli kunngjort. Ståa var slik at ingen av oss fire som var der, hadde spelt Power Grid før. Littegrann tid til å lese i regelheftet, altså. Det gjekk strålande fint, og vi kjørte i gang med liv og lyst. For å gjere ein lang historie kort, så gjekk det slik:
Erling hadde straumforsyning til 16 av sine 17 byar, og vant. Ikkje så rart kanskje, sidan han eigentleg er elektrikar. I framtida skal han spele Power Grid med handikap. Tommy kom på andreplass. Han kunne på sin siste tur auke frå 14 til 17 byar, men det hjalp ikkje sidan han uansett ikkje kunne forsyne meir enn 15 av dei med straum. Bjørn og Harald hadde 11 byar kvar. Eg har notert Bjørn på tredjeplass, det skuldast truleg at han hadde straumforsyning til 14 byar, og Harald til 13. Er det i følge reglane, eller...?

Dagens sitat hugsar eg i alle fall, det var "Uranus", uttalt med brei amerikansk aksent. Det var det ordet vi etter kvart nytta for råstoffet Uranium. Litt prepubertal humor der, altså.

Vel vel, alle frammøtte var einige om at det hadde vore ein fin kveld, og ønska kvarandre god sommar. Så kan eg nytte sjansen til å minne alle på semesterstart for haustsemesteret: Måndag 10. august. Stad kjem vi tilbake til. Når det gjeld klokkeslett har eg veldig lyst at vi skal starte litt tidlegare, slik at vi får meir ut av kvelden utan at det vert så seint (eg har ein ettåring i huset som vaknar kl. 06.00 uansett...). Tør eg foreslå start så tidleg som 18.00? Eller 18.30? Fint å få litt tilbakemelding på akkurat det.



Her kan du kose deg med fleire bilete frå jubileumskvelden:



torsdag 7. mai 2009

BrettVett 9 – Erlings hemn i ”Aksjespareklubben”

Ein fattig kveld i månaden – kva er vel eigentleg det med tanke på alle dei spela vi så gjerne vil teste ut, nye brettspelperler som vi nesten føler oss forplikta til å spele, så dei ikkje berre ligg heime og samlar støv (vi har trass alt kjøpt dei allereie)? I tillegg vil vi gjerne finne fram gamle perler og skattar frå spelsamlinga. Så kva er vel ein spelekveld i månaden då? Slett ikkje nok. Så sjølv om vi har ein del nye spel vi skulle testa ut, blei det denne kvelden, den første måndagen i mai i det Herrens år 2009, ein ønskereprise: Harald fekk lov å hente fram Railroad Tycoon frå arkivet. Så medan skulekorpset gjekk utafor og øvde på å kombinere speling og marsjering, benka desse seks karane seg rundt spelebordet for å kombinere oppgradering av lokomotiv med flytting av trekubar; Berge, Harald, Knut Einar, Erling, Arild og Bjørn.

Som den observante lesar vil hugse har vi spelt Railroad Tycoon på BrettVett før, nærare bestemt på BrettVett 3, i oktober 2008. Med unntak av Bjørn var det dei same spelarane som då gjorde opp om kven som var den kvassaste til å bygge jernbane og frakte trekubar rundt omkring i USA. Dermed kunne ingen skulde på at spelet var nytt for dei.

Ein interessant mekanisme i Railroad Tycoon er at alle startar utan kontantar, og må løyse ut aksjar for å få cash ($5000 for ein aksje). På slutten av kvar omgang må ein betale ”utbytte” på $ 1000 pr. aksje. I tillegg får ein eitt minuspoeng for kvar aksje ein har løyst ut i poengteljinga til slutt. For vidare omtale av spelet Railroad Tycoon kan du sjå brettVett sin eigen ekstrablogg der vi vurderer spel, ”Spill til ettertanke”.

Med seks spelarar blir det fort trongt på brettet. Som vanleg med dette spelet blir det først bygd jernbane mellom byane i nordaust, og det var nettopp dette Erling som startspelar gjorde. Arild som spelar nr. to valde utradisjonelt, og bygde rett på vestsida av fjella. Bjørn sikta seg meir inn på Chigago-området, utan at det vart dei store jernbanestrekningane av det. Berge hamna i søraust, og fekk bygd ut eit respektabelt jernbanenett der. Harald fekk aldri opp den store jernbanen, men fleire småstrekningar i nordaust og sørvest. Han frakta dermed mykje på andre sine baner, og delte ut poeng i aust og vest (mest aust). Den einaste som ikkje naut godt av dette var Bjørn, som ikkje hadde ei einaste jernbane på austkysten.

Etter Erling sitt minneverdige og mykje omtalte (i alle fall internt i BrettVett) nederlag i Railroad Tycoon på BrettVett 3, tok han denne gongen ein vel fortent andreplass. Han måtte likevel sjå seg slått av Knut Einar, som tidleg drog i frå for aldri meir å sjå seg att. Arild karra seg til ein finfin 3. plass, med god drahjelp (bokstaveleg talt, det er jo eit togspel) frå Knut Einar som på sine to siste trekk foræra Arild ikkje mindre enn 10 poeng, ved å flytte godskubar med sjuarlokomotivet sitt på ei linje der Arild hadde fem jernbanestrekk. Nei da, ingen bitterheit frå referenten. Nei da… Berge frakta godskubar jamt og trutt, og låg lenge an til 3.plassen, men måtte altså ta til takke med 4.plass etter sluttspurten til Arild. Harald skjønte ikkje heilt korleis han til slutt hamna på 5.plass. Men etter å ha løyst ut 19 aksjar, som altså gjev 19 minuspoeng i slutteljinga, fekk han ikkje berre ein velfortent 5.plass, han fekk i tillegg livslangt æresmedlemskap i Aksjespareklubben. Bjørn sparte seg til fant og sjetteplass ved å berre løyse ut ein (1!) aksje til langt ut i spelet. Etter ei stund løyste han ut tre aksjar til for å finansiere western connection, noko som truleg gagna Arild like mykje.

Vel vel, alle var einige om at det hadde vore ein fin (tog)tur, og fór heim kvar til sitt. Vil med det same invitere alle lesarar til BrettVett 10 (oi, eit lite jubileum!), som blir ANDRE MÅNDAG I JUNI! Dette fordi første måndag juni er andre pinsedag, og det kan vel hende nokon er bortreist i pinsehelga. I juli tek vi BrettVettferie, før vi startar haustsemesteret måndag 3. august.

Kveldens sitat (tre på rappen), etter ein liten regeldiskusjon: Harald: ”Eg har sendt mail til Glenn Drover for å spørje, men han har ikkje svart.” Berge: ”Det er så godt å sjå at det er nokon som er meir geek enn meg.” Arild (til Berge): ”Så du kjem på spelekveldar for å kjenne deg normal?”

Over: Erling (venstre, blå brikke) og Arild (høgre, svart brikke) er nøgd med å ha scora poeng først, sjå poengstigen på kanten av brettet. På dette tidspunktet ana vi moglegheiten for ein sensasjonssiger til Erling, som kom sist forrige gang vi spelte Railroad Tycoon.

Over: Berge (raud brikke) og Knut Einar (lilla tog, men grå brikke på poengskalaen) har blanda seg inn i teten, Arild har falt litt av. Harald (grøn brikke) og Bjørn (gul brikke) har plassert seg bakerst, og skulle bli der.

Over: Knut Einar og Erling har dratt i frå, og vi lurte for alvor på om Erling skulle gjere som ein viss tyggis (var det ikkje det det var reklame for...?), og halde heilt til Vladivostok...

Over: Her leier Erling framleis, men måtte etter kvart gi tapt for Knut Einar, som vann ein vel fortent siger.

Over, frå venstre: Berge (raud spelar), Harald (grøn spelar), Knut Einar (lilla spelar men grå brikke på poengskalaen).

Over, frå venstre: Harald, Knut Einar, Berge og Arild. Nok ein gong har vi fått låne lokala til Harald sin arbeidsgjevar, Spor Forlag. Vi takkar for det.

Over: Berge, usikker på om han på dette tidspunktet i spelet er fornøgd eller ikkje...

Over: Close up av Berge sitt jernbanenett.

Over: Close up av Erling sitt jernbanenett.

Over: Arild (venstre) og Bjørn (høgre) er bekymra over utviklinga, medan Erling tel poeng.

Over: Konstablane Arild og Bjørn i poengpolitiet følger med så ikkje Erling flytter brikken sin for langt...


Over: Spelarane forklarar nøkkelen til suksess eller fiasko (Bjørn på sjetteplass kom ikkje med, fordi minnekortet var fullt. Men sidan han kom på sjetteplass er det truleg berre bortforklaringar likevel...