mandag 16. februar 2009

BrettVett 6 - Hand in hand we stand...

Det er finanskrise. Nokon som ikkje har fått det med seg? Godt gjort, i så fall. I krisetider er det sjølvsagt viktig å stå saman. Difor var det tid for å setje samarbeidet på prøve i BrettVett 6 - Hand in hand we stand... Den andre måndagen i februar satte vi av til å teste samarbeidsspela Red November og Pandemic. 7 herremenn av beste kvalitet var samla heime hos Berge. Lars Erling, Harald, Berge, Erling, Torgeir, Christfried og Bjørn (underteikna/skrivar). Vi starta med Red November, eller Roter November om du vil, vi spelte trass alt med Harald sin tyske utgåve av spelet. Godt at vi hadde med oss Christfried, ein vaskekte tyskar, som bidro med forklaringar der vi andre kom språkmessig til kort.
Brettet viser ein ubåt, som er delt opp i 10 rom. Førsteinntrykk av spelet: Utruleg lite spelebrett, noko som truleg skal forsterke deen klaustrofobiske kjensla av ubåt. Konseptet og designet med gnomar i ubåt er artig, men reglane er ikkje spesielt godt forklart. For kvar handling brukar ein eitt "minutt", dette markerast ved at ein flyttar ein brikke på ein skala på kanten av brettet. Etter kvart som ein flyttar fram, trekk ein hendingskort. Desse hendingane er svært sjeldan positive. Slik drivast spelet fram ved at ein heile tida må bruke "minutt" for å gjere handlingar, som fører til nye hendingar ein må ta seg av. Temaet er artig og spelet er engasjerande, sjølv om det med 7 spelarar kunne bli litt lenge å vente på sin tur. Spelet er forresten for 2 - 8 spelarar.

Etter ca. halvspelt spel sto Erling og Bjørn i rom 5 då det vart brann der. Det var ikkje mogleg å kome seg derifrå, fordi lukene var sperra, og det naboromet ein kunne kome seg til også sto i brann. Det førte til at dei to nemnte herrar, var ute av spelet. Det var sjølvsagt svært skuffande for alle, og det er nok rett å seie at dei ofra seg for fellesskapet, sidan dei var der for å fjerne katastrofemarkøren for rakettoppskyting. Ettertida vil truleg ikkje hugse dei for det.

Erling og Bjørn gjorde det einaste rette; fann seg ei ledig bordflate og satte i gang med ein tospelar-runde Pandemic. Pedagogen Bjørn hadde på førehand sett seg inn i reglane, og sidan Erling er ein skarping, gjekk det kun kort tid før vi var i gang. Det hjalp sjølvsagt at reglane var på engelsk, eit språk i alle fall underteikna har mykje betre kontroll på enn dei tyske reglane til Roter November. Regelheftet er satt opp på ein måte som gjer det lettfatteleg og relativt kjapt å setje seg inn i.

video
(Beklager så mykje at filmen over er feil vei, men eg fann ikkje noko program for å snu den. Tek imot tips med takk.)
Pandemic er eit samarbeidsspel for 2 til 4 spelarar som ein lærer kjapt, men treng lengre tid på å meistre. Det går ut på å finne ein kur til fire forskjellige sjukdommar, samtidig som ein samarbeidar om å hindre utbrot av sjukdommane. Det er tre forskjellige startoppsett; introduksjonsspel, normalt spel og heroisk spel. Slik får ein moglegheit for progresjon etter kvart som ein meistrar spelet betre. Vi spelte introduksjonsspelet. Etter kvart som spelet skreid fram, syntest Erling det såg mørkare og mørkare ut, og vi tapte så det ljoma. Kvifor? Delvis fordi det var første spelet, og vi famla oss litt fram for å finne ut kva som var lurt og ikkje, og delvis fordi vi ikkje godt nok fekk utnytta spesialeigenskapane vi hadde. Kvar spelar har nemleg eit rollekort, med spesialeigenskapar dei andre ikkje har. For å vinne mot spelet er det nok viktig å utnytte den einskilde spelar sine spesialeigenskapar til fulle. Neste runde Pandemic får vi spele med meir enn to spelarar, og sjå om fleire spesialeigenskapar hjelper.

Tilbake til dei fem som fortsatte med Roter November. Dei sleit framleis med alle problema/utfordringane som oppsto, og etterkvart innsåg dei at ubåten var fortapt.

Christfried var den einaste som hadde kort med dykkerdrakt, og han gjorde det einkvar annan fornuftig person i same situasjon ville gjort: I det han hadde passert merket for 10 "minutt"/handlingar att, nytta han høvet til å stikke ut den eine luka og redde sitt eige skinn. Det er nemlig slik at om ubåten går ned, kan ein person "vinne" ved å stikke av på måten nettopp skildra. Skulle derimot resten av mannskapet klare å berge ubåten, har vedkommande tapt...
Så kva synest vi om Roter November? Det skal vi finne ut med di hjelp! Sjå avstemninga på denne sida, og si di meining.
Måndag 02. mars blir det BrettVett på nytt. Until then; Good night, and good luck.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar