Og det var nettopp det nokre utvalde staute karar gjorde. Ikkje ingenting altså, men møtte opp til BrettVett 4, med tema krig.
Jonny, Knut Einar, Harald, Runar, Erling og Bjørn, seks mann alle. Planen var å starte med ein kjapp runde Wings of war, for så å dele oss opp i to grupper og spele RISK 2210 A.D., Memoir '44 eller Axis & Allies D-Day. Men som så ofte i kampens hete gjekk det slett ikkje etter planen, og Wings of War gjekk ikkje så kjapt som vi trudde på førehand. Når vi var ferdige med ein runde Wings of War
Wings of war er eit kortbasert spel, der kvar enkelt spelar har eit kort som er sitt "fly". Settinga er første verdskrig, og flykorta ser ut deretter.
Til kvart fly høyrer det til ei bunke kort med piler på. Desse korta legg spelaren framfor flyet sitt for å vise kva retning han skal fly. Korta til kvart enkelt fly er tilpassa dei eigenskapane det flyet hadde, altså kan det hende eitt fly kan svinge krappare enn andre, og at eit anna fly kan fly fortare. Det siste høyrest kanskje litt rart ut, men dess lenger pil på kortet, dess lenger fram kjem flyet seg, altså raskare eller saktare enn andre fly.
Til første runde delte vi oss i to lag. Jonny, Knut Einar og Harald med britiske fly vs. Runar, Erling og Bjørn med tyske/austerrikske fly. Vinnarkriteriet var enkelt: Det laget som først skaut ned alle motstandarlaget sine fly, vann. Alle gjekk høgt ut (det handlar jo om fly...), og Bjørn kanskje høgast ut av alle. Han var i alle fall den første som måtte fortelje vener og fiendar at flyet hans hadde fått så mange treff at han var nedskoten. Litt merkeleg, sidan han flaug eit fly som minna sterkt om "Den raude baron". Runar rauk ut som nummer to, og dermed var Erling åleine att for Tyskland. Det gjekk så hardt inn på han at han måtte ta permisjon på verandaen og ta seg ein sigarillo, og dermed vart Bjørn kalla inn som andrepilot. Harald rauk ut først frå England-laget, dermed vart oddsa noko betre for Tyskland. Det enda likevel med siger for England, då Erling sitt fly fekk fleire fatale treff i kamp mot to motstandarfly.
På det tidspunktet såg nok England for seg luftkampsiger nummer to på rad. Tyskland kom imidlertid sterkt tilbake, og skaut ned Harald først og Jonny etterpå. Dermed var oddså brått snudd i tysk favør. Knut Einar følte seg nok litt åleine, og kort etterpå rauk han og Bjørn ut i same runde. Dermed tok Tyskland ein ærerik siger, då Erling framleis svevde rundt med mykje luft under vingane...
Etter dette vart alle dimittert inntil vidare, med mobiliseringsordre til første måndag i januar.
Tre av i ufarlig retning.