Jubileumet var lite på ein annan måte også, fordi berre 4 spelarar møtte opp for å markere dagen. No var det ikkje akkurat drive tung marknadsføring for jubileumet, faktisk ingen i det heile. Ikkje anna enn at det hadde gått ut melding til alt folket om at vi prøvde ein BrettVett-kveld i juni, sjølv om det var sommar og fint ver. Dei fire som trassa sol og varme for å sitte inne og spele spel var Tommy, Harald, Erling og Bjørn.
Erling hadde straumforsyning til 16 av sine 17 byar, og vant. Ikkje så rart kanskje, sidan han eigentleg er elektrikar. I framtida skal han spele Power Grid med handikap. Tommy kom på andreplass. Han kunne på sin siste tur auke frå 14 til 17 byar, men det hjalp ikkje sidan han uansett ikkje kunne forsyne meir enn 15 av dei med straum. Bjørn og Harald hadde 11 byar kvar. Eg har notert Bjørn på tredjeplass, det skuldast truleg at han hadde straumforsyning til 14 byar, og Harald til 13. Er det i følge reglane, eller...?
Dagens sitat hugsar eg i alle fall, det var "Uranus", uttalt med brei amerikansk aksent. Det var det ordet vi etter kvart nytta for råstoffet Uranium. Litt prepubertal humor der, altså.
Vel vel, alle frammøtte var einige om at det hadde vore ein fin kveld, og ønska kvarandre god sommar. Så kan eg nytte sjansen til å minne alle på semesterstart for haustsemesteret: Måndag 10. august. Stad kjem vi tilbake til. Når det gjeld klokkeslett har eg veldig lyst at vi skal starte litt tidlegare, slik at vi får meir ut av kvelden utan at det vert så seint (eg har ein ettåring i huset som vaknar kl. 06.00 uansett...). Tør eg foreslå start så tidleg som 18.00? Eller 18.30? Fint å få litt tilbakemelding på akkurat det.
Her kan du kose deg med fleire bilete frå jubileumskvelden: