onsdag 17. juni 2009

BrettVett 10 - Jubileum og sommaravslutning.

Måndag 8. juni hadde vi eit aldri så lite jubileum i BrettVett. Det var nemlig tiande brettspel-kvelden sidan BrettVett starta opp hausten 2008.

Jubileumet var lite på ein annan måte også, fordi berre 4 spelarar møtte opp for å markere dagen. No var det ikkje akkurat drive tung marknadsføring for jubileumet, faktisk ingen i det heile. Ikkje anna enn at det hadde gått ut melding til alt folket om at vi prøvde ein BrettVett-kveld i juni, sjølv om det var sommar og fint ver. Dei fire som trassa sol og varme for å sitte inne og spele spel var Tommy, Harald, Erling og Bjørn.

Denne kvelden skulle vi teste Erling sin nyinvestering, Power Grid. Vi bestemte oss for å spele BeNeLux-brettet. I skrivande stund er det ikkje så greit å huske detaljane rundt gangen i spelet, det er trass alt to månader sidan. Heldigvis har eg ein Post-It-lapp med resultata på, så resultata skal i alle fall bli kunngjort. Ståa var slik at ingen av oss fire som var der, hadde spelt Power Grid før. Littegrann tid til å lese i regelheftet, altså. Det gjekk strålande fint, og vi kjørte i gang med liv og lyst. For å gjere ein lang historie kort, så gjekk det slik:
Erling hadde straumforsyning til 16 av sine 17 byar, og vant. Ikkje så rart kanskje, sidan han eigentleg er elektrikar. I framtida skal han spele Power Grid med handikap. Tommy kom på andreplass. Han kunne på sin siste tur auke frå 14 til 17 byar, men det hjalp ikkje sidan han uansett ikkje kunne forsyne meir enn 15 av dei med straum. Bjørn og Harald hadde 11 byar kvar. Eg har notert Bjørn på tredjeplass, det skuldast truleg at han hadde straumforsyning til 14 byar, og Harald til 13. Er det i følge reglane, eller...?

Dagens sitat hugsar eg i alle fall, det var "Uranus", uttalt med brei amerikansk aksent. Det var det ordet vi etter kvart nytta for råstoffet Uranium. Litt prepubertal humor der, altså.

Vel vel, alle frammøtte var einige om at det hadde vore ein fin kveld, og ønska kvarandre god sommar. Så kan eg nytte sjansen til å minne alle på semesterstart for haustsemesteret: Måndag 10. august. Stad kjem vi tilbake til. Når det gjeld klokkeslett har eg veldig lyst at vi skal starte litt tidlegare, slik at vi får meir ut av kvelden utan at det vert så seint (eg har ein ettåring i huset som vaknar kl. 06.00 uansett...). Tør eg foreslå start så tidleg som 18.00? Eller 18.30? Fint å få litt tilbakemelding på akkurat det.



Her kan du kose deg med fleire bilete frå jubileumskvelden:



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar