mandag 8. februar 2010

BrettVett 17 - Vil aksje i raud jernbane alltid vinne Chicago Express?

Tid: Måndag 01. februar 2010 kl. 19.30.

Stad: Felleslokala til Spor Forlag, Ulstein IT senter og IRIS Design, Ulsteinvik, Sunnmøre.

Kven: Berge, Tommy, Harald, Knut Einar, Erling og Bjørn.

Kva: Chicago Express. Eit over snittet bra togspel.

Kvifor: Fordi ikkje alle hadde spelt det før. Fordi dei som hadde spelt det før likar det godt. Fordi dei som tapte sist ville prøve å gjere det betre no, og fordi vi har lyst å lære taktikken i spelet betre.

Korleis gjekk det: Spørs kven du spør. Når er det lurt å byggje på ei togbane, og når er det lurt å leggje ut aksjer for sal? Når er det lurt å leggje ut for sal ei aksje i eit selskap der du sjølv har aksjer, og når er det lurt å leggje ut aksjer i andre sine selskap? Vil vinnaren alltid vere ein av dei som har aksje i den raude jernbanen? Kva taktikk skal ein nytte når ein ikkje har aksje i raud bane? Overvurderer eg viktigheita av raud bane fordi eg dei to siste spela ikkje har hatt aksje i raud bane, og berre er litt bitter? Eller er det berre eg som ikkje klarer å knekke koden? Alt dette og meir til kverna rundt i hovudet til underteikna etterpå. Med andre ord: Eg tapte.
Eg vil gjerne høyre kva tankar andre har om dette, så legg gjerne att ei melding i kommentarfeltet.
Poengsum:
Harald: 92 $
Berge: 74 $
Knut Einar: 72 $
Tommy: 62 $
Erling: 61 $
Bjørn: 38 $
Klar siger og klart tap, men interessant at det er så tett mellom 2. og 3. plass, og mellom 4. og 5. plass. Forresten: All dei tre beste hadde kvar si aksje i raud jernbane...

Dagens sitat: Tommy: Det har til og med EG fått med meg! (Etter eit klassisk "Det var det ingen som sa noko om!" frå Erling.)

Meny: Popcorn, cola, sjokolade, saltsild, Erling si mor sine vafler, hurlumheimix, kaffi frå kaffiautomaten. Ingenting sølt på brettet. Vi er faktisk ganske gode til å unngå det.


Vil dei som har aksjar i raud jernbane "alltid" vinne?


Tja, det blir vel fort tap når ein er meir oppteken av å ta bilde enn å følge med på diskusjonen...


Når Harald røyser seg opp veit vi at det er alvor... ;-)



1 kommentar:

  1. Hvor blir det av Brettvett sine glitrende spillrepotasjer???

    Er brettvett tatt ut i streik:-)

    Venter på nye blogginnlegg.
    Hilsen Sveinmain

    SvarSlett