tirsdag 14. april 2009

BrettVett 8 - bygging og samarbeidsspel.

Første måndag i april fall som kjent på måndag i den stille veke, eller påskeferieveka, som nokon kallar den. Difor vart BrettVett 8 framskynda til måndag 30. mars. Georg Einar, Arild T. O., Harald, Jonny, Erling, Berge, Tommy, Bjørn, og Knut Einar møttes på Harald sin arbeidsstad, Spor Forlag sine lokalar som dei deler med Ulstein IT-senter og IRIS Design. Alle benka seg rundt eitt og same bord (fordelen med eit stort lokale), medan vi diskuterte kva spel som skulle på bordet denne kvelden. Georg Einar sette seg midt på den eine langsida (av bordet), slik at han kunne vere med på begge spela. Men det får vere måte på multitasking, og han hamna på den austre enden av bordet, der det vart bestemt å spele det muligens austleg inspirerte spelet Alhambra. Det finst ein heil haug med utvidingar til Alhambra, men her nytta dei berre grunnspelet. (Er det forresten nokon som har eit godt nynorsk ord for multitasking? Arild, du som er leiar i Ulstein mållag, eg snakkar til deg J) (Frå Wikipedia: ”Multitasking er et begrep som brukes når det tilsynelatende er mer enn én handling som utføres på en gang.”)

Erling hadde med seg sitt eksemplar av Alhambra, som han hadde kjøpt for ei god stund sidan, og innvia tre dagar tidlegare på ein spelekveld heime hos Lars-Erling. I Alhambra skal kvar spelar byggje seg ein… ja, nettopp, ein alhambra, som visstnok tyder ”det raude slottet”. Igjen, sjå Wikipedia.

På din tur kan du:
1: Trekke pengar.
2: Kjøpe eit bygg (ei brikke) til alhambraen din. Om du ikkje kan eller vil plassere brikka i alhambraen din med ein gong, kan du legge den i reserven din.
3: Flytte brikker mellom reserven og alhambraen din.

Undervegs i spelet er det to runder med poengteljing, samt ei runde med poengteljing til slutt. Du får poeng etter kor mange bygg av kvar farge du har i alhambraen din, i tillegg får kvar spelar poeng etter kor lang samanhengande mur han har i bygget. Overraskande nok: Den som får samanlagt mest poeng etter tredje og siste runde med poengteljing, vinn spelet. Poengfordelinga etter første runde Alhambra vart slik:

Erling 82 p
Berge 80 p
Arild 78 p
Georg Einar 76 p
Jonny 72 p
Ganske tett oppgjer, som vi ser av poenga. Berge var såpass fornøgd med andreplassen at han tok kveld etter dette. Dei andre fortsette med ein runde til, noko som jo er ein god idé når ein nettopp har lært eit nytt spel. Her vart det litt større spredning:
Georg Einar 128 p
Erling 105 p
Jonny 98 p
Arild 70 p

Georg Einar satsa på lang mur...


...medan Erling bygde Edens hage.

I den vestre enden av bordet fekk Bjørn endeleg spele Pandemic med 4 spelarar. Han fekk med seg Knut Einar, Harald og Tommy. For å gjenta litt av det eg skreiv etter BrettVett 6:
”Pandemic er eit samarbeidsspel for 2 til 4 spelarar som ein lærer kjapt, men treng lengre tid på å meistre. Det går ut på å finne ein kur til fire forskjellige sjukdommar, samtidig som ein samarbeidar om å hindre utbrot av sjukdommane. Det er tre forskjellige startoppsett; introduksjonsspel, normalt spel og heroisk spel. Slik får ein moglegheit for progresjon etter kvart som ein meistrar spelet betre (…) Kvar spelar har eit rollekort, med spesialeigenskapar dei andre ikkje har. For å vinne mot spelet er det nok viktig å utnytte den einskilde spelar sine spesialeigenskapar til fulle.”

Samarbeidsspel betyr at alle spelarane konkurrerer saman mot spelet. Anten vinn vi saman mot spelet, eller spelet vinn mot oss. Vi har tidlegare spelt eit anna samarbeidsspel i BrettVett, nemleg Red November, som vi spelte på BrettVett 6 hos Berge. Denne kvelden starta vi fire med introduksjonsspelet, den enklaste varianten. Sjølv om det var første gongen tre av oss spelte det, vann vi greitt mot spelet. Dermed vart vi så kjepphøge at vi gjekk rett på den vanskelegaste varianten, ”heroisk spel”. Det var ikkje fullt så lett. Vi følte likevel at vi var veldig nær å klare det, og heiv oss på ein tredje runde Pandemic, også denne gongen heroisk spel. Denne gongen gjekk det heller ikkje så bra. Sjølv om vi følte at vi var nær å klare det begge dei to siste spela, er nok det mykje av vitsen med spelet. Du føler at du er ganske nær. ”Vi må berre prøve ein gong til, så klarer vi det. Berre ein gong til…”

Det positive med samarbeidsspel er at ingen taper aleine! Dette er eit spel for to til fire spelarar, og det fungerer godt både med to og fire spelarar. Det er eit godt alternativ for to spelarar. Då slepp dårlege taparar (for eksempel underteikna) å bli sur når han taper mot nokon andre (for eksempel kona til underteikna). Ein særs god eigenskap med Pandemic er at det ikkje tar særleg meir tid enn det som står på eska (i motsetning til for eksempel ”Bang!”). Det står på eska at det tar ca. 45 minutt. Vi brukte nok litt meir, men innafor 60 minutt er det ferdigspelt. Tek det meir tid er det fordi spelarane diskuterer korleis dei skal samarbeide for å vinne, og mykje interaksjon er jo bra. Litt negativt kan vere om ein eller to spelarar tek kontroll over spelet, og fortel dei andre kva dei skal gjere. Då blir dei andre redusert til statistar. Dette vart ikkje noko problem for oss, men om du vil lese meir om denne problematikken finn du ein diskusjon om det på http://www.boardgamegeek.com/, i denne diskusjonstråden: Reducing "one-player-is-the-leader" syndrome.

Kveldens sitat kom forøvrig frå Arild T.O: "Det var ikkje uflaks, det var dumskap!"
Til slutt: Stor takk til Harald sin arbeidsgjevar, Spor forlag (og Ulstein IT-senter og IRIS Design), for lån av lokale til BrettVett 8, og velkomen til BrettVett 9 som blir måndag 04. mai på ein så langt ukjent stad.
Under kan du sjå tommel opp/tommel ned -evaluering av spela.

3 kommentarer:

  1. Jau, det var ein triveleg kveld, som vanleg. Alhambra var komplisert på ein enkel måte, slik at det vart ekstra moro å spela det. Til det med norsk ord for «multitasking», so tykkjer eg «fleirsysling» og «fleirgjersle» er fine ord.

    SvarSlett
  2. Veldig gode alternativ! Men ein ting til, Arild: Eg fekk spørsmål om eg kunne "utdype konteksten for sitatet", og må berre innrømme at eg ikkje husker det heilt. Men det gjer kanskje du? Sjå http://www.spillskrinet.no/forum/viewtopic.php?t=2773

    SvarSlett
  3. Nei, eg hugsar ikkje heilt kva samanheng sitatet kom i, men det kan vel høva til mang slags bruk :)

    SvarSlett